Troppå Gard
Kontakt oss
Om oss

Troppå Gard ligg i Meland i Nordhordland, ikkje langt frå Frekhaug. Saman med deira to søner, Dan og Daniel, driv dei to entusiastiske bøndene Wenche og Arne Pettersen eggproduksjon og vidareforedling av gamalnorsk spælsau frå eigen gard.

Troppå Gard driv med sau og høns, det vil sei kjøtt- og eggproduksjon. Målet vårt er å selje mest mogleg av våre produkt lokalt. Vi har godkjent vidareforedlingslokale på garden, og her videreforedlar vi kjøt frå Gammalnorsk Spælsau/lam. Fleire gongar i veka køyrer vi ut dagsferske egg og andre eigenproduserte varer til våre utsalsplassar i Nordhordland, Åsane og Bergen Sentrum. Vi har no gjort ferdig vårt nye kjøkken på garden, der produserer vi karamellpudding, ostekake og salte mandler. Fleire produkt kjem til undervegs.

Wenche og Arne Pettersen jobbar begge med gardsdrifta. Dei er opptatt av gode forhold for dyra, og er overbevist om at dyras velferd vert gjenspegla i maten som vert produsert ved garden. Den nye sauefjøsen er visningsfjøs. Det vil sei at andre kan få del i erfaringane Wenche og Arne har gjort seg, samstundes som ein får besøkje fjøsen og dyra. Ta kontakt dersom dette er interessant for deg.