Bestill innen tirsdag og få varene levert torsdag
Balholm

Balholm

Direktepressa frukt- og bærjuice og cider av råvarer frå Sogn. Nordleg klima gir sakte modning og mykje smak.

Om produsenten

Å dyrka frukt og laga cider heng tett saman her på Vestlandet, og bestefar Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922. Då barnebarnet Åge overtok bruket på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på. Balholm – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; ​den første heilt naturlege fruktmost på den norske marknaden.​ 


I 1999 importerte Åge kvist av 13 ulike cidereplesortar frå Normandie og Somerset, og har poda opp omtrent 1000 tre som no er i full bering. Det er første gong slike cidereple vert prøvde ut i norsk klima.  ‘Cidor’, ‘Belle Fille de la Manche’, ‘Major’, ‘Ellis Bitter’ og ‘Yarlington Mill’ er nokre av desse sortane. Bittersmaken frå desse eplene gir same oppleving som tannin i vin og humle i øl; det gir kraftigare smak som varer lengre.


I dag lagar vi juice, cider, fruktvin og dram av frukt og bær - økologisk og lokalt så langt det er muleg. I dag har Balholm seks tilsette og produserer omlag 300 000 liter drikke i året. 

Produkter

Se Mer

Balholm Eple-Bringebær

Balholm

85,00 kr|1L

Balholm Eple

Balholm

Fra 75,00 kr|1L

Balholm Eple-Solbær

Balholm

85,00 kr|1L

Balholm Sprudle Eple

Balholm

49,00 kr|330ml

Handverkcider Eple 4,7%

Balholm

62,00 kr|330ml

Handverkcider Pære 4,7%

Balholm

62,00 kr|330ml