Slettevollen Gardsysteri
Kontakt oss
Om oss

Slettevollen gardsysteri held til i Brekke, ved Sognefjorden. På garden vår har me mjølkeproduksjon, og me foredlar litt av mjølka sjølv til ost og syrna mjølkeprodukt. Me lager salatost, steikeost, Oskepott, smørbar kremost, jogurt og surmjølk. Produksjonen vår har avgrensa volum sidan me førebels produserar i eit leigd kjøken som òg brukast til andre ting. Men me har starta på byggjinga av eige ysteri på garden. Snart skal meir av den ferske mjølka frå kyrne våre bli til ost og andre spennande, lokale mjølkeprodukt.

I familiebedrifta er det Cathrine som yster og har kontroll på ostane medan Håvard har ansvar for kvaliteten til mjølka og fôret, og at dyra er fornøgde. Nært samarbeid sikrar kvaliteten på produkta. I tillegg er det nokre gutar i familien som er spesielt opptekne av kalvane og som gjerne bidreg med kalvestell. 


Mjølkekyrne våre går fritt i fjøset. I sommarmånadane beiter dei på den grøne bøen ned mot sjøen, og går inn for å bli mjølka. Me er opptekne av å bruke mest mogleg lokalt fôr utan at det går ut over kvaliteten på mjølka.