Om oss
Kvar morgen flakser hundrevis av kalkun ned mot frukttre og grøne bakkar i Hardanger. Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplanter. Nasker til seg litt eple og plomme i ny og ne og lever glade dager i det fri. På ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile.
Homlagarden har som fyrste fjørfeprodusent i landet sine eigne økologiske kyllingforeldredyr. På denne måten kan me sjølv velje våre fine brune og svarte kyllingar. Kyllingane er av rase Red Jack og er riktig seintveksande. Egga vert klekt i eige klekkeri og kyllingane får økologisk oppvekst frå fyrste dag.
Grunnen til at me ynskjer oss kalkun og kylling av seintvaksande raser er dyrevelferd og kvalitet på kjøtet. Fuglane veks i eit naturleg tempo og utviklar ein sterk og frisk beinstruktur, muskulatur og indre organ. Fuglane beveger seg raskt og er glade for å kome ut på beite. Kjøtet av desse fuglane har smak, farge og konsistens av beste kvalitet!