Hardanger Bryggeri
Kontakt oss
Om oss

Nei, Hardanger manglar ingenting.
Midt i eit matfat kven som helst kan misunna, omkransa av landets tøffaste natur. Her er alt, tenkte me. Men, det var noko folket sakna. Eit ekte, ærleg og lokalt Hardanger-øl. Utan dilldall. Noko me kan kosa oss med og sladra saman om. Noko me kan vera stolte av saman og samlast om, når me synest me har fortent det. Det heiter vel ikkje «fyrst yta, so nyta» utan grunn?

2020 vart byrjinga på eit vakkert eventyr på Vestlandet, med bryggjarar som hadde ein felles draum om å laga og tilby godt, lokalt øl som råkar sjela til hardingen. Bryggja av friskt fjellvatn og gode råvarer – heilt utan usmak.

Me håpar ølet fell i smak. 

For å sikra kvaliteten på ølet nyttar me kompetansen til gode vener frå andre bryggeri landet rundt. Vårt øl skal kunna nytast i dei fleste høve, med måte. Ikkje noko jåleøl, berre god smak som speglar den friske og reine naturen i Hardanger. Eit øl skapt av eldsjeler med lidenskap, heilt utan usmak.

Ved den vakre fjorden vart det utvikla ei sterk kjensle av fellesskap for den lokale kulturen, det unike lokale matfatet, og bryggjarkunsten. Det gjekk ikkje lenge før Stig kjende seg som ein ekte harding sjølv. Som hardingar flest ynskte han å bidra til å byggje stoltheit for Hardanger, på sin eigen måte, med sin eigen lidenskap: Øl.

Øl med rikeleg med gode smakar og djupe røter til dei klassiske ølstilane. Noko som er lett å nyta. Maltdrivne, balanserte og lettdrikkelege — for hardingar flest. Eit godt, lokalt hardingøl utan dilldall som kan nytast både av tilreisande og alle dei fine folka som bur her.