Den Hemmelige Pølsefabrikken
Kontakt oss
Om oss

Den hemmelige pølsefabrikken blei starta i oktober 2018, av Pål Slettebakken og Jahn Ove Hanstveit. Pål og Jahn Ove har begge svennebrev i pølsemakarfaget. Etter fleire år vekke frå yrket, tok dei opp att pølsemaking i 2015. Dette skuldast i hovudsak at dei ikkje fann pølsene ein vil ha i butikken.

Det byrja med produksjon til privat bruk, men ryktet spreidde seg og pølsene fekk raskt bein å gå på blant vener og kjente
Til slutt blei etterspurnaden så stor at produksjonen måtte opp til neste nivå. Dermed såg fabrikken dagens lys.

Her produserer me bacon, røykeknokar og ulike typar pølser etter sesong. Me arbeider kontinuerleg for å utvikla nye oppskrifter med både kjente og nye, spennande smakar. Matvogna vår kan bestillast til ulike arrangement både privat og i jobbsamanheng. Rettane har me utvikla sjølv og alt av tilbehør er sjølvsagt produsert i fabrikken.