Alm Gard
Kontakt oss
Om oss

Almgard er eit økologisk småbruk i Feios (Vik i Sogn). Eit Nederlandsk par, Guus og Laurien, ei sjukepleiar og ein tjenestemann i natur og landskapsforvaltning hadde ein draum om å bli småbonde. Dei begynte forretninga i Feios i mai 2005 med Telamarkskyr, høns, bringebær, bikubar og gardsturisme. Dei begynte å produsere økologisk fløyteis, yoghurtis og sorbet i kjellaren under våningshuset.

Isen vert produsert frå eigne eller lokal innkjøpte ferske råvarer som til dømes frukt, mjølk, fløyte, yoghurt og egg. Frukt blir delvis plukka i det direkte fjellområdet av Feios. Isen vert lage frå botnen av, basert på gamle Italienske oppskrifter og av naturlege ingrediensar utan bruk av ferdigblandingar og unaturlege tilsetjingar. På den måten har isen naturens farge, smak og haldbarheit.

Isen inneheld omtrent 30% luft, i motsetning til industrielt produsert is som inneheld inntil 50% luft, den maksimale tillete verdien. Det kjennes på smaken og konsistensen.

Isen fant vegen til kundane, blei ofte prisbelønnt og i 2018 blei iskjellaren for små. Familien sto framfor eit vegvalg: slutte eller satse på vidareutvikling. Dei valte å bygge eit nytt praktisk og framtidsretta produksjonslokal på garden.

Framtil 2020 hadde Alm Gard mjølkekyr på garden som sto for mjølkeproduksjonen. I 2021 har Alm Gard inngått eit samarbeid med Vange Gard i Vik. Alm Gard er veldig glad i deira 60 firbeinte deltids medarbeidare som produserer økologisk mjølk. Vange Gard har ei lang tradisjon med ei 6 timars tung buferd frå Vik heilt til prestestølen i Jordalen. Staben på Alm Gard består av Guus og Laurien, Hanneke og Edyta.

Garden er i økologisk drift, så største delen av istypane er økologiske. Grunna kulengsel er det nå 4 Jerseykyr igjen på garden som skal mjølkast frå oktober 2022. Snart blir det også produksjon av økologisk vellagra Gouda ost. Prøveproduksjon er i full sving nå.

www.almgardiskrem.no