Hardanger Bygdeysteri
Kontakt oss
Om oss

Nyoppstarta lokalt ysteri i Øystese i Hardanger! Eigd og drive av bønder frå regionen. Vår første ost er steikeost, ein halloumi-inspirert ost som skal steikast eller grillast. 

Mjølkebønder frå 13 gardar skipa eige ysteri i det tidlegare meieriet i Øystese då Tine i 2019 avvikla produksjonen i Hardanger. 131 år med meierihistorie får halda fram. Meieribygget er blitt til Mathuset Hardanger og husar både ysteri, bryggeri og gardsmatbutikk.

Mjølka reiser 4 km frå gardstunet til ystekaret.

Me starta med eit stort lokale, eit digert ystekar, men ingen ost.

Heldigvis har me har nevenyttige eigarar, ein ivrig prosjektleiar og ein driftig bonde som ville på ystekurs. Og ikkje minst så har me verdas beste mjølk!

Me ynskjer å lage skikkeleg god ost, og å fortelje litt om bonden i Hardanger og lokal osteproduskjon.

Innimellom produksjon av steikeost prøver ystarane seg fram med andre ostar. Dette er vår fyrste fastost som vart ysta i november 2021. Enno har me ikkje andre produkt i produksjon for sal. Målet vårt er å få fleire gode ostar i porteføljen, men det tek tid å yste fram ein skikkeleg god ost.