Gardsbrenneriet
Kontakt oss
Om oss

Idyllisk plassering i Nordfjord

Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypperlege vekstvilkår for frukt og bær og tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Staden har til og med sin eigen historiske eplesort. Haugeeple er eit friskt og aromatisk eple som Gardsbrenneriet har poda tre av og planta ut for å dyrke eplesorten til bruk i drikkevarer.

Unike smakar av naturlege råvarer

Sivilingeniørane Synnøve og Jann tok over odelen på garden i 2010 for å satse på produksjon av drikkevarer basert på råvarer frå landbruket. Det var naturleg å lansere brennevin og likørar basert på frukt og bær som ei første satsing. I åra etter er produktporteføljen stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene står i fokus. Vi brukar norske råvarer som eple, plommer, bringebær, rabarbra, solbær, rips, jordbær og morellar. Noko av råvarene dyrkar vi sjølv. Garden har også lange tradisjonar for grønsaksdyrking og dyrkar enkelte av urtene som inngår i gin- og akevittprodukta sjølv. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta i produkta blir også levert frå lokale produsentar i regionen eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen.

Teknologi og innovasjon

Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden. Gardsbrenneriet har utvikla eigne metodar, prosessar og smakar. Vi har mellom anna utvikla vår eigen prosess for småskala omdanning av myse til brennevin. I 2019 lanserte vi Norges første gin basert på mysebrennevin som ein hyllest til Dagros og norsk landbruk. I det ferskaste og så langt villaste prosjektet til Gardsbrenneriet blir det no dyrka sukkerbetar på garden som skal vidareforedlast til velsmakande alkoholhaldig drikke i løpet av året. Fellesnemnaren for alle produkta til Gardsbrenneriet er fokuset på vidareforedling av norske landbruksprodukt av høg kvalitet til nydeleg drikke.

Besøksgard

Gardsbrenneriet har eigen gardsbutikk. Der får ein kjøpt Gardsbrenneriet sin fruktmost, gløgg, sukkerøl, brus, alkoholfri sider, sider og hard seltzer. Høgalkoholprodukta til Gardsbrenneriet (Likørar, fruktbrennevin, gin, akevitt) er til salgs på Vinmonopolet. Gardsbrenneriet tilbyr også omvisningar og smakingar. På garden er det ein stor eplehage med nærare 4000 epletre. Gardsbrenneriet tilbyr hagevandring der ein kan lære meir om poding av tre, økologisk fruktdyrking, historiske eplesortar og bruk av eple i drikkevarer.