Alde Sider
Kontakt oss
Om oss

Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på Bleie Gard i Sørfjorden. Alde er eit gamalt namn for eple i Hardanger og her på garden har ein dyrka eple sidan frukta kom til fjorden.

Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Her på garden har eg Gravenstein, Discovery og Aroma. Desse sortane passar ypperleg til sider og bidreg kvar med sin eigenart. Eg plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller eg i store ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær. 

Alde Sider gjekk heilt til topps i kategorien Årets sider under Det Norske Måltid i 2021. I 2018 blei Alde Sider også kåra til den beste saft- og siderprodusenten.