Spildegarden
Kontakt oss
Om oss

Jane og Geir Henning driv Spildegarden som fjerde generasjon av familien. Dei jobbar begge fulltid på garden.  

Dei tre borna Guro, Anve og Milla har fått leika og jobba saman med dei vaksne frå dei vart fødde. 
Familien har 1 heiltidsansatt  og 1 deltid i tilrettelagt arbeid.

På Spildegarden lagar me sjølve epla som vert til most og sider. Desse vert fyrst plukka når dei er på sitt beste. Eplene vert sorterte manuelt og pressa kvar sort for seg. Berre eple med god utvikla smak vert pressa. Kvar drikk skal variera i utsjåande, lukt og smak etter sin eige karakter og årgang. Me vil ikkje tilsetje noko for å endre på det naturlege.

Spildemost er eit godt alkoholfritt alternativ til mat med variasjonen frå søtt, fruktig til syrleg. Me har Spildemost til ein kvar anledning; som tyrstedrikk, som eit alternativ til vin og brus, som leskedrikk på frukostbordet, til kvardagsmaten eller til festmåltidet.

Spildesider er Sider fra Hardanger på rein eplesort  eller eigne varianter med bær. Sidrane våre har  variasjonen frå lett sødme, fruktige til lette syrlege. Me er oppteken av smak, farge, lukt og kva mat dei passer til.

Me planter til med nye og gamle eplesortar for å heile tiden skapa nye spennende smakar. Dei raude Spildemostene våre skal smaka av bæra og er balanserte med eplemost i staden for sukker eller andre tilsetjingar.

Då kvaliteten er viktigast fins Spildemost kun i eit begrensa antall som me leverer personleg til handplukka hotell og restauranter. For oss er dialogen og nærleiken til kundane våre viktig.

Me reknar oss som eplemostspesialisten i Hardanger.